Rafael: Skolen i Athen

Klikk ulike stader på biletet og få fram spennande detaljar.

Vatikanmuseet/Akg-images/Scanpix

Kunstverket “Skolen i Athen” er over 500 år gammalt.

Det er måla av den italienske kunstnaren Rafael.

Måleriet er ein freske. Det vil seie at det er måla direkte på ein våt murvegg.

Fresken er i biblioteket til paven, og biletet er nesten åtte meter breitt.

Alle personane er berømte og har hatt mykje å seie for filosofi, vitskap og kunst.

Men dei levde ikkje på akkurat same tid, og

dei gjekk ikkje saman på skolen.