Abraham og Sara

Abraham og Sara levde for nesten fire tusen år sidan.

Dei budde i telt der landet Irak ligg i dag.

Men dei budde ikkje lenge på same stad.

Når dyra hadde ete opp graset på éin stad,

flytta dei til ein ny stad.

Ein dag sa Gud til Abraham at han skulle dra

til eit land som Gud ville vise han.

Abraham stolte på Gud.

Han tok med seg Sara og alt han åtte og la ut på ei lang reise.

Dei kom til det landet som i dag heiter Israel.

Landet var godt å bu i, og Abraham takka Gud.

Men Abraham og Sara var lei seg likevel.

Dei ønskte seg born, men fekk ingen.

Ei natt sa Gud til Abraham:

«Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan!

Så tallaus skal ætta di verta.»

Abraham trudde på det Gud sa.

Nokre dagar seinare kom det tre menn til Abraham.

Abraham gav dei mat.

Medan dei åt, sa dei: «Kvar er Sara, kona di?»

Abraham svarte: «Ho er inne i teltet.»

Då sa ein av dei: «Eg kjem til deg att neste år på denne tida,

og då skal kona di Sara ha ein son.»

Sara høyrde det og lo.

Ho var nitti år og visste at ho var for gammal til å få born.

Men mannen sa: «Kvifor ler Sara?

Er det noko som er umogleg for Gud?»

Eitt år etter blei sonen Isak fødd.