Buddha blir fødd

Maya var ei vakker dronning som levde for nesten 2500 år sidan.

Ei natt drøymde ho noko rart.

Ho drøymde at ho låg under eit tre ved eit vakkert fjell.

Då kom det ein kvit elefant bort til henne.

Elefanten tok opp ein lotusblomster og brølte høgt.

Så gjekk han inn i magen til Maya.

Då Maya vakna, fortalde ho kongen om draumen.

Han bad nokre kloke menn om å tyde han.

Dei sa: «Draumen varslar lykke for kongen. Maya skal føde ein son.

Han skal anten bli ein mektig konge eller ein klok lærar.»

Då jubla kongen, og dronninga song ein song.

Like før Maya skulle føde, reiste ho til ein vakker skog.

Men ho var ikkje åleine, ho hadde med seg fleire tusen tenarar.

Skogen var full av glede, og det var tre av alle slag der.

Ho fødde sonen sin utan smerte. Huda hans var som gull.

Han skein som sola og lyste opp heile verda.

Den nyfødde såg seg omkring.

Så gjekk han sju skritt fram og sa: «Eg er fødd til beste for verda.»

Då rann to strålar av vatn over hovudet hans.

Skogsåndene stod rundt han med blomstrar i hendene.

Gudar og andre himmelske vesen jubla.

Jorda og fjella skalv.

Det bles mildt, sola strålte, og rosa og blå lotusblomstrar

dalte ned frå himmelen.