Platon forklarer kva sjela er

Sjela er som ei vogn som blir trekt av
to hestar, ein svart og ein kvit.
Den kvite hesten er litt sterkare enn den svarte.

I vogna sit ein kusk, som er den som styrer hestane.
Kusken må passe på at hestane går i same retning,
slik at kusken kjem dit han vil. Han må sørgje for
at hestane ikkje får bestemme sjølve kvar dei skal dra.

Den kvite hesten er sterk og hjelper til med å dra vogna.
Han er eit bilete på mennesket sin vilje.
Viljen er viktig, men han bør ikkje styre livet til eit menneske.
Mennesket treng viljen til å vise mot, til dømes
når det skal forsvare seg sjølv og meiningane sine.

Den svarte hesten hjelper òg til med å dra vogna.
Han er eit bilete på det mennesket har mest lyst på.
Også lysta er viktig, men mennesket bør ikkje vere grådig.
Mennesket må lære å beherske lysta og vise måtehald.

Men kusken er viktigare enn hestane. Kusken er
eit bilete på fornufta. Fornufta er altså viktigast.
Kloke menneske lèt fornufta styre det dei seier og gjer.
Eit godt og rettferdig menneske bruker fornufta
til å halde styr på lysta og viljen.