Kvinna og sennepsfrøet

Ein liten gut døydde.

Mora heldt den vesle, døde kroppen i armane sine,

men ho ville ikkje innsjå at han var død.

Slik sprang ho rundt i byen på jakt etter medisinar til guten.

Ho var gal av sorg, og alle ho møtte, hånte henne og

såg ned på henne.

 

Til slutt kom ho til Buddha.

«Gi meg medisin til sonen min, Meister,» sa ho til han.

Buddha såg korleis ho hadde det, så han svarte:

«Gå ut i byen og finn eit hus der ingen har døydd.

Der skal du be om å få eit sennepsfrø.»

Kvinna blei veldig glad og sprang rundt i byen

på jakt etter eit hus der ingen hadde døydd.

Men i hus etter hus fekk ho det same svaret:

«Kven har vel tal på dei som er døde her!»

Litt etter litt forstod ho at

døden var noko som kom til alle.

Då bar ho den døde sonen sin til gravplassen.

 

Så vende ho tilbake til Buddha.

«Har du med deg eit sennepsfrø?» spurde han.

«Meister, eg har ikkje bruk for noko sennepsfrø lenger,» svarte ho.

«No forstår eg kva du prøvde å få meg til å forstå.

Sorga mi hadde gjort meg blind, og

eg trudde at det berre var eg som hadde det så vondt.»

 

Kvinna ville at Buddha skulle lære henne meir om sanninga.

Derfor bad ho om å få bli nonne, og det sa Buddha ja til.