Gudinna Durga

Ein vond demon prøvde å tvinge guden Brahma til å gjere seg udøyeleg.

Men Brahma sa at alle som er fødde, må døy.

Då bestemte demonen seg for å lure Brahma.

Han fekk Brahma til å love at berre ei kvinne kunne drepe han.

Det gjorde han fordi han meinte

at kvinner var altfor svake til å kunne drepe ein sterk demon.

 

Fordi han trudde at han var blitt udøyeleg,

var demonen ikkje redd for å gå til angrep på gudane.

Han vann over dei og jaga dei på flukt.

Så kravde han at menneska skulle slutte å tilbe gudane.

Dei som nekta, blei drepne.

 

Både gudane og menneska bad Shiva om hjelp.

Gudane sa til Shiva: «Vi er hjelpelause mot demonen!

Vil det vonde til slutt sigre over det gode?»

Då kom det brått lysstrålar ut frå ansiktet til Shiva,

og så kom det lys frå dei andre gudane. Strålane samla seg til eitt lys.

Ut frå dette lyset kom det ei kvinne. Det var gudinna Durga.

Gudane bad til henne: «Gudinne! Knus demonen og gi oss vern!»

Alle gudane gav Durga våpna sine.

Så reid ho av garde på løva si og drap demonen.

Brahma hadde lova at ei kvinne skulle drepe demonen,

og no var lovnaden oppfylt.