Religiøs praksis


Hinduane tenkjer at gudane bur i statuar eller bilete. Dei passar derfor svært godt på bileta og statuane sine. Dei blir vaska, dei får mat og blomar, og det blir sunge eller lese for dei. Handlingane som hinduane gjer for gudane, blir kalla puja. Det er viktig for hinduane å møte blikket til guden sin. Når dei ser guden på eit bilete eller ser ein statue av ein gud, tenkjer dei at guden også ser dei.


Hinduistisk alter.

Fødsel og namngiving
Nyfødte barn får ordet om skrive med honning på tunga. Tolv dagar etter fødselen får barnet namn. Mange kallar opp barna sine etter gudar. Barnet blir velsigna av vennene og slektningane til foreldra og av ein brahminprest. Brahminpresten gjer ein puja. Far til barnet kviskrar namnet inn i det høgre øyret på barnet. Så feirar familien med mat og godteri.


Namneritual.


Namneritual.