Ashura

 
Assosiasjonar

  1. Kva tenkjer du på når du ser biletet?
  2. Korleis opplever du stemninga i biletet? Forklar.
  3. Høyrer biletet heime i ein bestemt religion eller eit livssyn? Forklar.

Innhaldet i biletet

  1. Kva ser du på biletet?
  2. Korleis kan vi sjå at bygningen i midten av biletet er ein moské?

Om høgtida

  1. Ashura-høgtida blir markert på ulike måter av muslimar. For sunni-muslimar er ashura ein frivillig fastedag, medan for shia-muslimar er det ei sørgjehøgtid. Kva for ei av markeringane trur du dette biletet er henta frå?
  2. Kvifor fastar mange sunni-muslimar denne dagen?